Frå 20. november stenger gjenbruksstasjonen på Straume for utviding. Alle innbyggjarar og hyttefolk i kommunen må gjennom byggjeperioden bruke gjenbruksstasjonen i Midtstegen i Skogsvåg.

Planlagt byggetid er førebels sett til 18 månader, meir informasjon kjem etter kvart som bygginga går framover. I løpet av hausten vert det betre skilting frå hovudvegen i Skogsvåg og inn mot gjenbruksstasjonen i Midtstegen. Stasjonen i Midtstegen vert open fire dagar i veka til kl. 19.00, samt laurdag.

Stenginga i Lonavegen er naudsynt for å få ein fornying av gjenbruksstasjonen. Dagens stasjon sto klar i 2004 og vart då bygd for behovet i Fjell kommune. Kapasiteten på gjenbruksstasjonen er sprengt og moglegheitene for å jobbe meir sirkulært er små. Det vil med ombygginga bli prioritert betre plass for ombruk og for meir besøk frå skuleklassar.

Vi oppfordrer våre kundar til å levere snarast i Lonavegen for å unngå kødannelse rett før stenging.


Lagt inn: 24.10.2023